Uni vil gi kreativ ungdom nye moglegheiter

Unikultur er ein ny plattform der ungdom kan vise fram det vi driv med, møte andre kreative ungdommar, oppleve ungdomskulturen og mykje meir. Bli med i det voksande fellesskapet med over 100 medlemmar i dag! 

Bli med i fellesskapet

Kva er Uni?

Les om hovedfunksjonane til Uni  

Ungdomskulturen, samla på éin plass

Uni er  ein app der kreativ ungdom kan opprette profiler og vise fram det dei driv med. Innhaldet vil bli samla i ein felles feed, slik at alle som vil kan oppdage, utforske og bli inspirert av ungdomskulturen!  

Profilering via sosiale medium

Vi vil at fleire skal få oppleve ungdomskulturen. Derfor har Uni brukarar på Instagram, TikTok og Facebook, der vi legg ut innhald frå unikultur.no sitt bibliotek. Slik blir ditt talent oppdaga av fleire.

Oppdatert oversikt over tilbod

Kommunane rundt om i landed vårt har mange kulturtilbod som dei fleste dessverre ikkje veit noko om. Derfor har appen ei eiga side med oppdatert informasjon over faste kulturtilbod, arrangement for ungdom og meir.

Kulturarrangement for ungdom

Uni har eit mål om å arrangere fleire kulturarrangement for ungdom. Det vil til dømes vere samlingar, konsertar, utstillingar og forestillingar.

Kvifor burde du bli ein del av Uni? Her er 6 gode grunnar

1

Fellesskap: 

Du får vere ein del av eit støttande og inkluderande fellesskap av ungdom som deler din lidenskap.

2

Profilering: 

Du får moglegheita til å bli vist fram på Uni si heimeside og kontoane våre i sosiale medium.

3

Samarbeid: 

Du vil få moglegheita til å samarbeide med andre kreative ungdommar og skape noko nytt saman.

4

Tjen pengar:

Du vil, i det lange løp, få moglegheita til å tjene pengar på hobbyen din, til dømes  gjennom salg av kunst eller spelejobbar.

5

Eksklusive
arrangement:

Du vil få invitasjonar til spesielle event, workshopar og konkurransar som berre er opne for Uni-brukarar.

6

Påverknadskraft

Du vil vere blant dei første som får prøve ut Uni. Slik får du moglegheita til å påverke plattforma.

Interessert? Bli med i dag! 

Den første versjonen av fellesskapet er allereie ute, med over 100 medlem. Bli med du og! 

Kjenner du nokon andre som kunne ha vore interessert i Uni? Send sida til dei!

Følg oss i sosiale medium for innhald og oppdateringar: